Kystvilt
- med smak frå den urnorske fauna
Bestill her!
Garden og produksjonsbedrifta ligg på Furset i Ytre Fjaler. Heile distriktet rundt oss er uvanleg rikt på hjort. Garden ligg på sørsida av Vilnesfjorden som var ein viktig fjord under krigshandlingane i siste verdskrigen. Fleire synlege merke etter denne tida finst her. Distriktet har rike funn av gravhaugar frå vikingtida og i Korssund har vi ein steinkross frå Olav Trygvason si tid.
Jakt og fiske har lange tradisjonar i Sogn og Fjordane. Vårt mål er å bygge vidare på dette ved å bearbeide godt norsk viltkjøt.
Hjortebestanden har auka eksplosivt i fylket dei siste 20 åra og krava til jeger og leverandør i takt med dette.
På garden Skogheim på Furset i Fjaler kommune starta vi i år 2000 kontrollstasjon og mottak for handsaming og vidaresal av hjort. Dyra blir frakta til mottaket frå heile fylket. Anlegget er idag Efta godkjent med ovalt stempel og verksemd nummer 1282.
Hjorten beitar i alt frå høgfjell til skog og utmark, også heilt nede ved kysten. På somme av øyane finn vi også vill hjort.
Kystvilt leverer til fleire kjende hotell, restaurantane og butikkar i Noreg. Matinteresserte vil ha god kvalitet, noko vi kan garantere.
"Vi er glade for å bruke dei små leverandørane fordi dei får tak i ypperste kvalitet av ting som er vanskeleg å få tak i. Dei tar vare på lokalsamfunnet ved å videreføre tradisjonar. For meg er det viktig at det skapast eit næringsgrunnlag i lokalsamfunnet som kan videreførast til oss i byen."
Bent Stiansen, verdensmester i kokkekunst i 1993 og eier av Statholdergaarden restaurant i Oslo
På desse heimesidene vil du kunne sjå og lese om noko av det vi driv med. På oppskriftssidene våre vil du og kunne lære deg litt om korleis du best kan tilberede god mat av hjort.
Velkomne til bords og til gards!